Dirigenten
Clive Anderson
Etter at Arne Vesterheim sa frå seg dirigentjobben våren 1989, var Husnes Musikklag nok ein gong
heldig med å få tak i ny dirigent. Ved folkehøgskulen hadde eit musikklærar-ektepar teke imot arbeid og
såleis hamna den profesjonelle dirigenten og engelskmannen Clive Anderson hos Husnes Musikklag. Han er
dugande og inspirerande og veit akkurat kor vanskelege musikkstykke laget må ha for å ha noko å bryna seg
på.